VEDTEKTER FOR HARDANGERAKADEMIET,
NORDISK SENTER FOR FRED, UTVIKLING OG MILJØ 

Vedtatt på årsmøtet 18. februar 2017 

1. FOREININGA SITT NAMN 

Hardangerakademiet, nordisk senter for fred, utvikling og miljø. 

 

2. VISJON OG FORMÅL 

  • 2.1 Visjon: Fred i mennesket, fred med naturen, fred mellom menneske, grupper, nasjonar og land. 
  • 2.2. Formål 
  • Skape føresetnad for fred ved rettferdig fordeling av ressursar innanfor jorda si tålegrense. 
  • Driva informasjon, undervisning og prosjekt om fred, rettferdig fordeling og økologisk berekraftig utvikling og konfliktløysing både mellommenneskeleg og nasjonalt. 
  • Vera eit kraftsenter og ein møteplass for menneske, nettverk og organisasjonar med føremål i pakt med Hardangerakademiets føremål. 
  • Eiga og driva eigedommen Jonatunet, som kan leigast ut til møte, kurs, samlingar, prosjekt og studieopphald. 

 

3.  JURIDISK PERSON. 

Hardangerakademiet er ein fri og uavhengig organisasjon utan partipolitisk, ideologisk og religiøs binding. 

Hardangerakademiet er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld. 

 

4. MEDLEMSSKAP 

  • 4.1 Deltaking i Hardangerakademiet er ope for personar som støttar føremålsparagrafen. 
  • 4.2 Medlemer som motarbeider eller medverkar til å undergrava Hardangerakademiet sitt formål kan ekskluderast etter vedtak på årsmøtet. 
  • 4.3 Æresmedlemer er livsvarige medlemer 
  • 4. 5.Medlemer av vennelaget er støttemedlemer. 

 

5. RETTAR OG PLIKTER 

  • 5.1 Medlemene har møte-, tale-, forslags- og stemmerett på årsmøtet. Dei er valbare til styret. 
  • 5.2 Medlemer mottar informasjon om Hardangerakademiet sine saker og aktivitetar. 
  • 5.3 Kontingent og frist for betaling av denne vert vedtatt av årsmøtet. 
  • 5.4 Styret, eller den styret delegerer til, har myndigheit til å uttale seg på vegne av Hardangerakademiet. Medlemer, og spesielt rådsmedlemer, oppfordrast til å delta i offentleg debatt signert som medlem av Hardangerakademiet. 

 

6. ÅRSMØTET 

  • 6.1 Årsmøtet er Hardangerakademiet sitt høgaste organ og vert halde innan 1. mai kvart år. 
  • 6.2 Årsmøtet er ope for medlemer og andre som styret inviterer. 
  • 6.3 Skriftlig innkalling til årsmøtet vert sendt ut seinast 1 månad før møtet. Innkalling skal innehalde tid og stad for møtet, kva vedtektene seier om dagsorden, frist for innsending av forslag til møtet og orientering om styremedlemmer som står på val. 
  • 6.4 Skriftlige forslag til saker på årsmøtet, forslag på kandidatar til valkomiteen skal vera sekretariatet i hende seinast 3 veker før årsmøtet. 
  • 6.5 Dagsorden med sakspapir, inkl. valkomiteens forslag, skal sendast ut til alle medlemmer innan 2 veker før årsmøtet. 
  • 6.6 Stemmeføre på årsmøtet er kvart medlem som har betalt medlemskontingent. Kvart medlem kan ha ei skriftleg fullmakt med til årsmøtet. 
  • 6.7 Når årsmøtet er innkalla i tråd med vedtektene, er møtet vedtaksfør med talet på medlemmer som møter. 
  • 6.8 Årsmøtet skal handsama desse sakene: 
    a) Registrering og godkjenning av stemmeføre med fullmakter 
    b) Innkalling og dagsorden 
    c) Val av ordstyrar og referent 
    d) Val av to representantar til å underteikna protokollen 
    e) Årsmelding 
    f) Rekneskap   
    g) Styret si orientering om nye medlemmer 
    h) Innkomne forslag frå medlemmene 
    i) Styret sitt forslag til årlig plan. 
    j) Styret sitt forslag til budsjett og kontingent 
    k) Forslag til vedtektsendringar 
    l) Val av styre 
    m) Val av rekneskapsførar og revisor 
    n) Val av valkomité   
  • 6.9 Vedtektsendringar og eksklusjon skal gjerast med 2/3 fleirtall av dei frammøtte stemmeføre representantane. Andre vedtak krev alminnelig fleirtall, dvs. meir enn halvparten av stemmene. Blanke stemmer tel ikkje. Val føregår skriftlig eller ved handsopprekning. Forslag som ikkje er sendt sekretariat eller valkomiteen på førehand i tråd med vedtektene, vert ikkje godtatt. 
  • 6.10 Når halvparten av styret sine medlemmer eller 1/3 av medlemmene krev det, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte. Ekstraordinære årsmøte kan ikkje sluttbehandla vedtektsendringar. Ekstraordinært årsmøte kan haldast ut frå same reglar som ordinære årsmøter. 

 

7. STYRET 

  • 7.1 Styret vert vald av årsmøtet etter innstilling frå valkomiteen, blant dei kandidatar som medlemene peiker ut for ein periode på to år, der halvparten står på val kvart år. Styreleiar vert vald separat på årsmøtet. I tillegg vert det vald fem-sju vararepresentantar i prioritert rekkjefølgje. 
  • 7.2 Styret består av fem-sju medlemer og fem-sju vara medlemer. Samansetninga av styret skal så langt som mulig reflektera breidde, kjønnsfordeling og forankring i lokalsamfunnet mellom medlemene i Hardangerakademiet. 
  • § 7.3 Styret skal: 
    a) Styret konstituerer seg sjølv 
    b) Utarbeida til årsmøtet forslag til aktivitetsplan samt budsjett 
    c) Setja i gong dei vedtekne planane innanfor vedtekne budsjett 
    d) Syta for at rekneskapen blir ført og revidert på forsvarlig vis 
    e) Utarbeida til årsmøtet årsmelding og årsrekneskap 
    f) Førebu saker til årsmøtet 
    g) Velja representantar frå Hardangerakademiet til arbeidsgrupper 
    h) Velja arbeidsutval eller sekretariat 
    i) Ha tilsetjingsansvar 
    j) Ha kontakt med styresmakter og nettverk  
  • 7.4 Styremøta vert leia av styreleiar eller nestleiar i hans/hennar fråvær. 
  • 7.5 Det skal lagast skriftlige referat frå alle styremøte som skal sendast ut til styremedlemer og varamedlemer 
  • 7.6 Styret er vedtaksfør når minst halvparten av medlemene er til stades, deriblant leiar og/ eller nestleiar. Varamedlemene har møterett til alle styremøta. 
  • 7.7 Stemmegjeving vert avgjort med alminnelig fleirtall. Styreleiar har dobbel stemme ved likt stemmetal. 

 

8. RÅDET 

  • 8,1 Medlemer til rådet vert invitert av styret og rådsleiar 
  • 8.2 Styreleiar er medlem i rådet. 
  • 8.3 Rådet konstituerer seg sjølv 
  • 8.4 Styret kan kontakte rådsmedlemer for rådgjeving til akademiets programutvikling og nettverk m. m. 

 

9. ARBEIDSGRUPPER 

  • 9.1 Til å gjennomføra dei vedtak som vert vedteke i styret og årsmøtet kan Hardangerakademiet velja arbeidsgrupper, og velja koordinator for arbeidsgrupper. 
  • 9.2 Arbeidsgruppene sin hovudfunksjon er å: 

a) Følgja opp styret sine vedtak og mål b) Koordinera arbeidet innan ulike vedtekne satsingsområde. c) Syta for god intern kommunikasjon

 

10. VALKOMITEEN 

  • 10.1 Valkomiteen består av tre medlemer, samt eitt varamedlem frå medlemene i Hardangerakademiet. Valkomiteen konstituerer seg sjølv. 
  • 10.2 Styret set fram forslag til årsmøtet om samansetjinga av valkomiteen på grunnlag av forslag frå medlemmene. Alle innkomne forslag frå medlemmene skal presenterast for årsmøtet. 
  • 10.3 Valkomiteen legg fram innstilling til styremedlemmer, nestleiar og styreleiar for årsmøtet. 
  • 10.4 Det skal vera eige valreglement og instruks for valkomiteen.

 

11. FULLMAKT OG PROKURA 

Styreleiar og eit styremedlem i fellesskap signerer for organisasjonen. Prokura har kasserar og styreleiar eller dagleg leiar kvar for seg.

 

12. OPPLØYSNING AV FORENINGA 

  • 12.1 Eventuell oppløysning av Hardangerakademiet må gjerast av to påfølgande årsmøte, kor eitt er ordinært. Endelig vedtak om oppløysning er gjort når minst 3/4 av dei stemmeføre på årsmøta har stemt for. Ved opphøyr av Hardangerakademiet vel årsmøtet eit avviklingsstyre. Ved opphøyr, vert organisasjonen sine midlar gitt til allmennyttig arbeid i samråd med visjon og formålsparagrafen til Hardangerakademiet, og etter avviklingsstyret si avgjersle.