«Å forstå klimatrusselen – globale og regionale konsekvensar»

Kva gjer globaloppvarming med klimasystemet?
Kva vert konsekvensane for Hardanger, Folgefonna og folka som bur her?

Bli med på eit helgeseminar der me set fokus på å forstå klimaendringane og konsekvensane for oss i Hardanger men ikkje minst globalt. 

Vi startar på fredag med ei innføring i klimasystemet og korleis det verkar. På laurdag har vi ei morgonøkt der vi diskuterer Folgefonna og konsekvensar av klimaendringar. På ettermiddagen reiser vi opp til Nordfonna og vandrar i landskapet og ser med eigne augo korleis Folgefonna er i endring. 

Søndag morgon oppsummerer vi og diskuterer kva vi kan og må gjere for å redusere effekten av klimaendringane. 

Helga vert leia av Professor Jostein Bakke ved Institutt for geovitskap og Bjerknessenteret for klimaforsking ved Universitet i Bergen.

Fredag 8. september

Kl. 17.00 – 18.00 Velkommen til Jonatunet i naturparklandsbyen Jondal

Kl. 18.00 Suppemiddag

Kl. 19.00 Innføring i klimasystemet og korleis det verkar.

 

Lørdag 9. september

Kl. 08.00 Frukost

Kl. 09.00 Folgefonna og konsekvensar av klimaendringar. Samtale og refleksjon.

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 13.00 Avreise til Folgefonna med vandring i landskapet

Kl. 18.00 Middag

 

Søndag 10. september

Kl. 08.00 Frukost

Kl. 09.00 Oppsummering og dialog om kva vi kan og må gjere for å redusera effekten av klimaendringane.

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 14.00 Avreise