Jondal Leirskule

Velkommen til Jondal Leirskule!

Jondal Leirskule ligg i nasjonalparkbyen Jondal i Hardanger, og er stoppestad for expressbussane mellom Oslo og Bergen. Frå Jondal er det lett tilgang til Folgefonna Nasjonalpark med flotte moglegheiter til fotturar, på ski, med truger eller stegjern på breen.

Du finn ei rekke aktivitetsmoglighetar som bading, fiske, eller ro ein tradisjonell, gamal robåt i tre. Jondal Leirskule disponerar det fredede Jonatunet, eit tidlegare tuberkulose sanatorium frå 1934. Gangavstand til friområde med badeplass, sandvolleyballbane og kommunal badstu, og sentralt i høve til turstiar og dagsturhytte.

Målet er at det ein lærer og opplever under oppholdet kan vidareførast heime, på skulen og i livet generelt. I undervisninga nyttas veldokumenterte metodar for å skape fred, rom for dialog og øva dette gjennom, praktiske oppgåver og fysisk aktivitet. Fokus på meistring, samhald, nærvær og lagbygging – læring for livet!
Leirskulen tilretteleggjer for at alle skal få ei så god oppleving som mogleg. Når det gjeld program, meny og sosiale omsyn tilpassas dette i dialog med besøksskulen.

Jondal Leirskule er eigd av Hardangerakademiet, Nordisk Senter for fred, utvikling og miljø, med primærmål å driva fredsarbeid på alle plan, i heimen, vener, i skuleklassen eller mellom land og regionar.

Verdas Fredsorganisasjon FN har satt fokus på dei mest sentrale utfordringane og peikar ut tre store mål, – FRED, UTVIKLING og MILJØ. Jondal Leirskule ynskjer fokus på fredleg konflikthandtering, rettferdig utvikling og bærekraftig bruk av naturressursar.

 

Vårt programtilbod:
  • Naturnærvær som klatring/buldring/turdag/stille observasjon i naturen
  • Vann og sjøaktivitetar som kanopadling/roing/fisking/sanking/bading
  • Miljøhandlingar som f.eks. strandryddig og anna restaurering av natur/ tilrettjelegging
    for ville dyr og insekter
  • Lokakunnskap som besøk i Herand Kultur og Landskapspark,
    helleristinger/geologi/båtbygging/flora og fauna/frukt foredling
  • Fysiske aktivitetar som yoga/fotball/bordtennis/volleyball/natursti/bading inne og
    ute/frisbeegolf/fiske/m.m.
  • Aktivitetar knytt til klima og miljøarbeid

Telefon:
Mail: 
Opphald:
Driftssesong:
Kapasitet:

+47 480 12 212
post@jondal-leirskule.no
4 netter; frå mandag til fredag
Vår og haust
2 klassar, inntil 70 sengeplassar